Fritt broderi – sykurs med Heidi Thorvik

Fritt broderi – sykurs med Heidi Thorvik

Teknikken FRITT BRODERI vert også kalla “å tegne med nål og tråd”. I prinsippet går det ut på å frigjere seg frå det ein tenker på som tradisjonelt broderi. Ein kan bruke tradisjonelle sting på ein friare måte, eller ein kan legge dei heilt bort, og berre stikke nåla fritt opp og ned gjennom stoffet.

Du vil få innføring i tekstbroderi, å “tegne” på frihand, å “tegne” etter eit bilde/tegning, fylle flater med sting og ulike materialkombinasjonar. Eg vil lære deg ulike stingtypar, og korleis du på ulike måtar kan montere eit broderiarbeid. Du vil også få kjennskap til ulike materialtypar/fiber, og korleis tenke gjenbruk/miljø når ein skal velge material. Eg viser deg ein vei inn i gammal broderihistorie og moderne tekstilkunst på leit etter inspirasjon. Det er mogleg å jobbe på ulike nivå.

Vi serverer varm suppe med brød før kurstart inne i Sørines Kafe´. Dette er inkludert i prisen.

Pris: kr. 850,-

For mer info kontakt booking@portaasen.no